lovspor

§ 47. Låntakarar som ikkje blir rekna som yrkesaktive

Låntakaren blir ikkje rekna som yrkesaktiv i den aktuelle perioden dersom låntakaren

  1. fekk eller kunne fått lån eller stipend frå Lånekassen til fulltidsutdanning, har vore i førstegongsteneste eller i utdanning ved ein militær skole
  2. fekk arbeidsavklaringspengar, med mindre låntakaren samtidig har oppfylt vilkår for yrkesaktivitet etter § 46.

Låntakaren blir ikkje rekna som yrkesaktiv etter § 43 eller § 50 dersom låntakaren var meir enn 50 prosent yrkesaktiv utanfor Finnmark og Nord-Troms og samstundes hadde omsorg for barn født i 2016 eller seinare eller hadde særleg tyngjande omsorgsplikter i den nærmaste familien.

Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2022-12-15-2259
Hentet
2026-10-02T10:26:49.535588+00:00
Kilderevisjon
c7621f8aee92
Innholdshash (XML)
b6fbbc314511b47e0d3453d42f4a17ec8b9dfe44e430ec9bf11e0a6b87a9673d
Rendererversjon
8
I kraft
2023-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01