§ 4-9. Fristar for å søkje om inntak

Fristen for å søkje om inntak til vidaregåande opplæring er 1. mars.

Søknadsfristen er likevel 1. februar for søkjarar som

  1. har vedtak om individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11, og som søkjer om inntak på grunnlag av fortrinnsrett etter § 4-21, § 4-22 eller § 4-27 eller fell inn under § 4-13 andre ledd bokstav a eller b eller § 4-20 første ledd bokstav a
  2. har vedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-6 eller § 6-5
  3. nyleg har komme til Noreg
  4. har rett til opplæring i og på norsk teiknspråk etter opplæringslova § 6-3
  5. søkjer om individuell behandling etter § 4-20 tredje ledd eller § 4-26 første ledd bokstav c.

Dersom fristen går ut ein laurdag eller søndag, skal søknaden reknast for å vere levert innan fristen om han kjem inn den førstkommande yrkedagen. Søknader som kjem inn etter fristen, skal takast omsyn til så langt råd er. Dersom ein søknad kjem for seint, skal fylkeskommunen informere søkjaren om det, og om konsekvensane av det, jf. § 4-5.

Søknadsfristen skal kunngjerast minst fire veker før han går ut. I kunngjeringa skal det stå korleis søknaden skal sendast, og kva for opplysningar og dokument som skal sendast med søknaden.

For dei som tidlegare har fått «ikkje bestått» på fag- eller sveineprøva og søkjer inntak på eit opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3 bygd på det programområdet dei har gjennomført på vidaregåande trinn 2, jf. § 5-2 tredje ledd, gjeld ikkje fristane i denne paragrafen. Fristane gjeld heller ikkje dei som søkjer om inntak i samarbeid med oppfølgingstenesta, jf. opplæringslova § 9-4.

Fylkeskommunen har plikt til å ha inntak til vidaregåande trinn 1, trinn 2 og trinn 3 for søkjarar som etter søknadsfristane flyttar til eller frå eit tiltak utanfor heimen med heimel i barnevernsloven. Det same gjeld dei som kjem tilbake til Noreg etter ufrivillig utanlandsopphald. Fylkeskommunen har i tilfelle som nemnt i første og andre punktum også plikt til å ha inntak for søkjarar etter at skoleåret har starta, når dette er forsvarleg. Plikta til inntak etter dette leddet gjeld så langt fylkeskommunen tilbyr det aktuelle utdanningsprogrammet eller programområdet og har kapasitet på det. Søkjarar kan takast inn til eit anna utdanningsprogram eller programområde etter ei konkret vurdering.

Endra ved forskrift 28 jan 2026 nr. 107 (i kraft 1 aug 2026).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01