Politiet kan gje løyve til erverv og innehav av halvautomatiske riflemodellar som opphavleg er konstruerte for jaktbruk, og som:
frå fabrikk er produsert for bruk av våpenmagasin med patronkapasitet på inntil 10,
ikkje er tilverka med skjefte eller annan innretning som heilt eller delvis dekker oversida av pipa, og
ikkje er tilverka med pistolgrep som står att på våpenet når bakstokken takast av.
Eit løyve etter første ledd kan likevel berre gjevast for våpentypar som oppfyller krava til lovleg våpentype etter § 3-1 og § 3-2 i denne forskrifta og våpenlova § 5 andre ledd.
Politidirektoratet kan gje førehandstilsegn om ein våpenmodell er tillaten etter første og andre ledd.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.