§ 4-11. Talet på løyvepliktige skytevåpen og våpendelar som kan ervervast til samling

Politiet kan gje personar som er godkjente våpensamlarar etter våpenlova § 13 løyve til å erverve og ha inntil 25 komplette løyvepliktige skytevåpen, samt våpendelar til desse skytevåpena. Politiet kan på dei same vilkår gje løyve til fleire skytevåpen, men ikkje meir enn totalt 100 komplette løyvepliktige skytevåpen, samt våpendelar til desse skytevåpena. Eit løyve til å erverve fleire skytevåpen kan gjevast for inntil 25 komplette skytevåpen av gangen.

Politiet kan berre gje løyve til erverv av skytevåpen som fell inn under samlaren sine godkjente samlarområde.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02