§ 4-12. Særreglar for einskilde våpentypar
Politiet kan gje løyve til erverv og innehav etter våpenlova § 13 andre ledd til personar som har vore godkjente våpensamlarar i minst fem år, og som har erverva minst 25 komplette skytevåpen til samling.
Politiet kan gje våpensamlarar som oppfyller krava etter første ledd løyve til å erverve og ha inntil fem rifler, haglevåpen, kombinasjonsvåpen, pistolar eller revolverar som krev særskilt løyve etter våpenlova § 5 andre og tredje ledd, samt våpendelar til desse skytevåpena, som er løyvepliktige etter våpenlova § 6 andre og tredje ledd, når skytevåpena eller våpendelane er produsert før 1946. Politiet kan i einskilde tilfelle også gje løyve til å erverve og ha slike skytevåpen eller våpendelar som er produsert etter 1946, når skytevåpenet eller våpendelen ikkje har vore satt i ordinær serieproduksjon og dokumenterer forhold av særskilt våpenteknisk betyding.
Politiet kan ikkje gje løyve etter andre ledd for våpentypar som er laga for å betenast av meir enn ein person, eller for våpentypar som er konstruerte for å skyte eksplosiv ammunisjon.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2021-05-07-1452
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2021-06-01
- Siste endring i kraft
- 2026-07-02